Barne - og ungdomsår.

 

Minne frå tida 1930-1945

 

Av Jon Nisja

 

 

 

 

 

Bidrag til minneoppgåvene for Møre og Romsdal i 1996

 

 

 

Denne minneoppgaven fikk hederlig omtale av juryen for Minneoppgavene i Møre og Romsdal.

 

Barndomsår

 

Eitt av minna frå før 1930 er da eg skulle feire 5‑årsdagen min hausten 1929. Eg hadde fått ein femøring og skulle på Bua (J. G. Vollan) for å kjøpe ei plåte sjokolade. Det gjevaste med gebursdagen var gjerne sjølve gebursdagsselskapet der vi fekk koka sjokolade og kanskje smaka blautkake. Dette var retteleg «førkunn‑mat», og var det da steikte fiskebollar til å leggja på brødskiva, var matsuksessen sikra, etter min smak.

 

Men noko anna som festa seg i minnet frå denne seinhaustdagen med litt nysnø på marka, var at da eg gjekk austover vollen på tur til Bua, såg eg at dei vaksne heldt på med slakting bortmed kjør‑brua. Slaktinga av sauer, kalv og gris vart gjerne lagt til ei tid straks føre jul ‑, og gjerne etter at det var kome snø. Det var realt å kunne bruke nysnøen til å halde det reint på slakteplassen og også til å tørke av blodet på sjølve slaktet. Det var ofte ein mann i kretsen som kom og sto for slaktinga. Hos oss var det oftast Steingrim Bruset.

 

Slaktinga om hausten

 

Når sjølve slaktinga var over, vart skinna samla opp og hengt over kornstaurar som dei stakk oppunder taket inne på låven. Der hekk dei og tørka til det kom ein skinnhandlar, f.eks. Lars Oppigard, Martinus Hårstad eller ein annan tilreisande skinnhandlar, og kjøpte alle skinna. Huder av storfe og enkelte småfeskinn kunne bli sendt til «røyting» og lage skolær og anna skinnstoff som ein hadde bruk for på garden. Kvinnfolka overtok gjerne ein stor del av arbeidet med å foredle slaktet vidare. Det kunne vera å salte kjøttet og ordne til spekemat. Mykje ‑ og kaldt ‑ arbeid var det ofte å reinske tarmar og ymse innvollar til seinare bruk ved blodpølse og mørrlaginga. Reinsking skjedde oftast i elva. Blodpølselaging skjedde i eldhuset hos oss. Da kom bestandig ho Olina Sentrala (Løkken) og «sto for» det viktige arbeidet. Det vart fyra opp under storgryta i eldhuset, og der vart pølsene koka. Det var ofte litt luft inni pølsa når vi la ho i gryta, og vi ungane tykte det var morosamt å få vera med på å stikke hol i pølsene med ein pølsepinne når dei flaut opp i vatnet i gryta. Mørren vart tillaga inne i stua. Der vart kjøttkverna montert på enden av langbordet, og mannfolka vart sette til å dra kverna.

Det kunne vera eit tungt arbeid, så arbeidet laut gå på omgang. Dei laga to sortar mørr som dei koka, vanleg mørr (grå) og levermørr (brun). Ein del mørr vart også salta og seinare hengt opp til speking. ‑ Storfekjøtt og griskjøtt vart oftast salta, og for grisekjøttet sin del vart det hengt opp til speking. Storfeet, både kyr og oksar, vart oftast selt til krøtterhandlarar som for ikring og kjøpte opp last på heile jernbanevognar, og så kom dei med lastebil og køyrde krøttera til Oppdal. Men før mi tid veit eg at dei samla heile fedrifter som dei førde til Oppdal og stundom enda lengre.

 

Storflaumen 1932

 

I perioden 1930‑40 er det enkelthendingar som eg hugsar best. Naturleg nok sit storflaumen i 1932 spikra i minnet. Liten som eg var, forstod eg ikkje kva som eigentleg hende, men eg forstod det på dei vaksne at det var noko uvanleg som gjekk føre seg. Mor var nok den som gav tydelegast uttrykk for korleis ho følte det. Eg kan enno sjå føre meg kor ho tulla hendene sine inn i forkleet, og ho fòr rett som det var bortpå Hjellabakken for å sjå kvar Grøvu no hadde teke vegen att. Ho var synleg rysta da ho kom att og fortalde at no hadde Grøvu «reist åt Mono». På Hjellmosida stod det før ein tett furuskog, men neste gong ho kom bortpå Hjellabakken, fekk ho sjå ei stor åpning i denne skogen, og ho sa at ho kunne sjå Mo‑husa frå Hjellabakken. ‑ Grøvu pressa hardt mot Nisja‑husa på vår side av elva. Vi var spente på om den forbygninga bestefar hadde bygd av tømmer og stein, ville halde mot vasstrykket. No plutseleg snudde situasjonen seg og trykket mot bolken minka, men det gjekk dessverre ut over naboen på motsatt side av elva. ‑ Ein kan sikkert tala om at her var det ambivalante kjensler som rasa i ein, ‑ gleda over at bolken såg ut til å halde mot vassmassane, men det sørgelege var at dette måtte naboen betale.

 

Det er nok kjent frå mange kantar korleis denne storflaumen herja nedover bygda vår. Snøgutubrua vart teken av vassmengdene, likeins Ottemsbrua og Giklingbrua (Falebrua i dag). Elles vart mykje jord øydelagt, og elvefaret vart sterkt forandra på mange stader. Det var krisestemning i bygda. Dei kommunale myndighetene fekk ordna med «krisehjelp» i form av militære styrker fra Østlandet. Eit «brorekruttkompani» kom hit med hestar og utstyr, og dei vart plassert i teltleir innaføre Gurobrekka (ved Sandlykkja) og delvis på Fale. Dei ordna med provisoriske bruer og ferjer, slik at folk kunne koma fram gjennom bygda. Ved Snøgutu ordna dei med gangbru, og dei bygde ny veg ved Litlsnøgutu og nedanfor Lunheim. I Ottemslina vart det laga til ei ferje, som bestod av ein flåteliknande platt som flaut på pontongar (båtar). Når båt‑skroga vart skråstilt mot straumen, skuva straumen heile flåten over elva. Flåten var da «ankra» opp i ein wire over elva. Ved å snu på flåten til motsett kant, skuva straumen flåten tilbake over elva.

 

Ein enkeltepisode opplevde eg ved den bortførte Ottemsbrua den gongen. Eg var med far som skulle skysse doktoren nedover til Ottem, der dei enda rodde folk over i eike (båt). Det var Alfred Ottem som sto for roinga. Doktoren gjekk opp i eika og sette seg baki. Tron L. Gravem (som hadde bilen sin på andre sida) skulle også vera med over. Han sto oppreist i framstamnen på eika. Alfred rodde oppover langsmed Ottemslandet så langt at han kunne nå fram til oppevja bakom midtkaret under brua, for det sto igjen. Da Alfred nådde oppevja, nytta han den til å koma seg heilt oppunder midtkaret før han la på straumen på bortre sida. Men ved det same eika stakk ut i den sterke straumen på andre sida av evja, fekk eika eit kraftig siderykk som Tron ikkje var merksam på, ‑ og dermed gjekk han hovudstups ut i elva. Vi vart redde med det same, men Tron dukka oppatt og sumde som ein fisk inn til landet på hi sida. Det gjekk godt og så vidt eg veit var det ingen som mista livet i Sunndalen i den største flaumen i Driva sidan 1789.

 

Ein annan uvanleg ting eg hugsar frå denne flaumhistoria, var at Nils Sande (Storvik) tok med seg ein høygaffel og ville sjå kor det gjekk med graset hans på ei «attløgu» nede ved elva. Vatnet sto høgt inne i graset, og brått fekk han sjå det blenkte i noko nede i graset. Han stakk høygaffelen i dette som blenkte, og da viste det seg at det var ein laks som hadde søkt mot reinare vatn og var komen opp i attløgu. ‑ Ein må få med det positive, og.

 

Gardsarbeid

 

I denne tida - rundt 1930‑40 - var det vanleg at alle som voks opp på gard, måtte ta del i alt gardsarbeid. Som guttunge var somme slags arbeid ein lek å halde på med, men det var også arbeid ein mislikte til gagns. Det eg lika minst å halde på med, var tynning av neper. Det var ei kolossal påkjenning for tålmodet. Det hjelpte noko når ein fann på nye måtar å gjere ting på. Vi sette oss kortsiktige mål og begynte å kappast om å foreta lukinga og tynninga på kortast mogleg tid, ‑ for da såg ein ikkje lenger på den «store» åkeren som enda var uflidd!

 

Eit år skulle vi på Nisja prøve oss på rugdyrking. Far hadde fått tak i såkorn, og det vart sådd mot hausten, så det var haustrug vi skulle prøve. Neste sommar gjekk, men rugen ville ikkje bli skikkeleg mogen. Det drygde, og endeleg måtte prøve å skjere denne åkeren. Halmen var usedvanleg lang, og da vi vel var komne i gang, kom snøen. Eg ser for meg kor vi drogst med å få til skikkelege kornband i den blaute nysnøen. ‑ Så vidt eg veit vart det berre eit forsøk med rugdyrking på Nisjå i mi tid. ‑ Derimot prøvde vi dyrking av kveite under krigen, og det gjekk bra.

 

Potetdyrkinga var viktig. Poteta gav grunnlag for mat til både folk og fe. Det var vanleg at ein middels stor gard her i bygda hadde 2‑5 mål med potet, det meste til eige bruk. Vi sette potetene for hand, «ala» dei med hest og ard (dobbelsidig liten prog), og potetopptakaren var «felleseige» med fleire andre gardar. Opptakaren fekk potetene opp av jorda og strødde dei utover oppå jordlaget. Så måtte mange plukkarar samle dei oppatt og sortere dei. Potetene vart hatt i sekker og bikk‑hjulvognar, og så vart dei køyrt heim når det leid til kvelds. ‑ Inn til potetkjelleren førte eit «stryte», ein tut laga som ei tregrind i botnen med karmar på sidene. Der styrta vi sekkene oppi, og dei rulla ned det skrå stryket og inn i kjelleren. ‑ Det var mange tunge tak med potetene.

 

Seterdrift

 

Dei fleste gardane hadde den tida ei seter som var tilhaldsstaden for størstedelen av krøterflokken om sommaren. Kring setrene var det gode beitemarker, og «avlingane» der vart hausta ved at buskapen drog til seters og levde godt på beitene. Ein flytta til seters første del av juli. Mange gardar kunne ha lang veg, slik at dei trong eit par dagar for å koma fram. Dei jaga krøtera heile vegen opp bygda og fortsette så opp i seterdalane som kunne vera Geitådalen, Grudalen, Grødalen og Lindalen. Her oppe i Øverbygda var det kortare veg til setra, som for ein stor del låg oppe på «bråtet» opp mot skoggrensa. Heime hos oss var ikkje vegen så lang, men han var bratt. Kyrne våre kunne vi berre «sette på» stigen, så drog dei sjølve strake vegen fram til seterfjøset. Der sto dei og rauta når vi andre endeleg kom etter med kalvane og flyttesakene. For å få med alt måtte vi bruke hestane som «kløvdyr». Å pakke kløva og få ho godt balansert på hesteryggen var litt av ei kunst. Først la vi på eit skinn, gjerne svineskinn med busta på. Ofte la vi også på eit «åkle». Kløvmeisen var ein tremeis med tjukke puter på undersida, og i sjølve tremeisane, som gjekk over ryggen, var det laga djupe hakk til å henge sjølve kløvmeisane oppi. Sjølve kløvmeisane vart pakka nede på marka og etterpå hengt opp på tremeisane. Med reimar både over og under, framom og bak vart kløva sikra mot å ramle av oppi dei bratte stigningane. Ei stor kløv kunne nok vega 80‑100 kg.

 

Seterdrifta var i det heile ein viktig del av gardsdrifta i denne tida også. Mange gardar nytta setervollane til å hauste inn høy som vart sett i stakk eller hatt inn i høyløe. Heime rekna vi med at det var 3 dagars arbeid for 4 slåttekarar å slå graset, og så kom den noko usikre «tørkeperioden» da graset skulle tørkast og bringast i hus. Seterslåtten kom bestandig etter at slåttonna var ferdig på heimgarden, og av og til kunne veret vera heller ulagleg. Uttrykk som «søsetersåta er oppkomen» skulle fortelje at no vart det dårleg ver ei tid frametter. Vi tørka høyet på bakken for det meste, for på setra vanta ein oftast hesjeutstyr. Dessutan var graset kortare der enn på kulturenga, så det ville ikkje vere så lett å få det til å henge på strengen. ‑ Etter slåinga med ljå, «breiinga» med rive og ein høveleg tørkeperiode måtte vi «røyve opp» høyet. Vi gjekk da fleire etter kvarandre og snudde ei ca. 60‑70 cm brei remse av det utover‑breidde høyet (graset) kvar av oss, slik at høyet kunne tørke på andre sida. Hadde ein godt høyver, kunne ein vere heldig og få høye inn dette høyet etter «å røyvt opp» berre ein gong. Men ofte måtte ein vente på meir finver, og da vart ein nøyde til «å sete», d.v.s. å setje opp det halvtørre høyet i såter, små haugar. Synet av desse såtene på Søsetra var det som fekk Gravemsbyggene til å tala om «søseter‑såta». ‑ Høyet vart da til slutt samla inn med at ein raka det saman i lange «strenger» nedover bakken og skuva dei saman i større haugar med rivene som da var snudde med tindane i veret. Etterpå var det «å kjemme» høyet saman i høvelege «bører» og bera det i løa eller høystakken.

 

Slo(e)‑draging

 

Utpå vinteren når det var kome mykje snø, måtte høyet fraktast heim ved «å dra sloe» ned frå setra. Ein lesste opp høyet i sloar. For å laga ein sloe måtte ein ha 2 «kollar» (bjørkestrangar med kvistane på, ca. 3 m lang) som ein la i botnen. Oppå digerenden på kollane la ein ei lita høykjemme som vart skråna ut bakover. Oppå der igjen la ein 3 andre kollar, 1 mellom dei 2 første kollane og dei 2 andre utom dei første kollane i botnen. Under og gjennom desse kollane måtte ein no træ 2 reip som ein kunne bruke til å surre saman sloen til slutt. Når underlaget var på plass, fekk ein berre fylle opp sloen med så mykje høy ein meinte å kunne klare å dra. Utapå sloen la ein så nye bjørkebusker både på sidene og oppå, og på kanten på kvar side la ein ei litt ekstra sterk og lang buske som vart kalla for «styrbuske». Desse styrebuskene var gode ved renning etter slovegen ned lia. Buskene som slik vart bruka til å pakka inn høyet i sloen med, vart kalla «omløgn» («leggje omkring»). Begge reipa vart så nytta til «å gjorde» saman sloen, slik at han vart som ein stor sigar, ein real bams innpakka i bjørkekvistar, kollar og omløgu. Med ei brei «dragski» under gjekk det radig å renne sloen ned lia, ja, ofte gjekk det i fortaste laget. Da fekk ein nytta dragskia etter som det var behov for. Dragskia som var ei ca. 20 cm brei og 2‑2,5 m lang fjøl med eit brette i framenden, vart hekta inn på kollane i botnen med ei taustroppe frammi brettet. Ein sloe kunne nok romme ca. 200 kg med høy. Vel nedkomme lia vart sloane henta med hest og slede og køyrde i hus.

 

Dåmen av heimkome seterhøy var spesiell. Høyet vart mest bruka til småfeet, men mange mindre bruk med mindre heimefôr, nytta nok høyet til mjølkeproduksjon. Alt bjørkeriset som følgde med på lasset i dobbel forstand, vart nytta til ved. Da var buskene kappa opp med øks utan at strangane var avkvista. Slik vart også omløgu eit tilskot til vedforsyninga.

 

Engelske sportsfiskarar. Nyheim.

 

På 1800‑talet var Driva vorten kjend blant engelske sportsfiskarar som ei interessant lakseelv, og såleis var det naturleg at Gjørakretsen hadde fått besøk av engelske sommarturistar. Driva ‑ og delvis elva her på Gjøra ‑ er omtala i ei engelsk bok om turisme og sportsfiske alt frå siste halvdel av førre hundreåret, og etter kvart vart desse sportsfiskarane meir og meir «fastbuande», d.v.s. dei bygde seg eigne sommarhus her i landet. Her i kretsen kom engelskmennene først til skyss‑stasjonen på Gjøra, men i 1905 bygde dei seg eige hus på Nisja. Huset vart kalla Nyheim. Det var Emil M. Crookshank som bygde huset, og han var eigar av huset fram til slutten av 1920‑åra da sonen Godfred overtok. Ein dr. Neville Smith var gift med Godfreds søster, og slik kom dr. Smith ‑ som var lidenskapelig fiskar ‑ til å få prøve fiskelykka i Driva. Engelskmennene leigde elva av grunneigarane for ei bestemt tid om sommaren. Men Godtred Crookshank vart 1935 drepen av ein elefant under filmopptak i Afrika, og dr. Smith som ikkje sjølv kunne makte å overta Nyheim og fiskerettane da ‑ fekk i oppdrag av Crookshankfamilien å ordne med bortleige av Nyheim og fiskerettane inntil sonen til Godfred ‑ Michael ‑ vart vaksen nok til å overta. Slik vart da Nyheim/fiskerettane avertert til leige i engelske aviser, og ein avismagnat, godseigar osv. lord Iliffe fekk leigd elva og husa for ein periode på 10 år. Men dr. Smith var smart nok til å sikra seg ei «medgift» i forbindelse med utleiga. Han skulle få vera med og fiska samstundes som han administrerte heile Nyheimdrifta. I 1936 kom det såleis nye folk til Nyheim. Lorden fekk ordna med og utbetra vassforsyninga, og det vart anlagt bad på fleire rom og ordna med vedfyrt varmtvassforsyning. Dessutan vart det leigt inn mykje meir elv slik at engelskmennene kunne fiska frå og med Grensa‑elva (Storløyft‑hølen) heilt ned til Hagen‑elva, ei strekning på 7‑8 km. For desse fiskerettane og leige av Nyheim trur eg dei betalte 8000,‑ kroner pr. år. Det var rekna for å vera brukbar betaling den gongen. Lord lliffe kom til Nyheim kvar sommar før krigen. Han hadde oftast med seg nokre venner, og han kom med ein eigen båt, yachten «Radiant» som da ankra opp på Sunndalsfjorden. Båten hadde 21 manns besetning og var noko heilt uvanleg for oss nordmenn. Mannskapet var bl.a. på land på Sunndalsøra for å spela fotballkamp mot S.I.L. (Sunndal idrettslag). Yachten vart somme år leigd/lånt ut til ein engelsk hertug som fiska i Tana. På land føregjekk transporten med bil, og ein del år hadde lorden ståande ein personbil i garasjen på Nyheim, ein garasje som vart bygd da lorden overtok. Leif Gravem (Negard) var sjåfør på bilen, og bruken av denne bilen var truleg grunnen til at ein del av fiskedrengene, bl.a. Lars Bonsak Lundli, Georg og Erling Nisja køyrde opp til sertifikat i 1938!

 

I den første tida engelskmennene var her på Gjøra søkte dei mykje kontakt med lokalbefolkninga, og dei synte stor interesse for kunst og arbeidsliv. Ved sida av at dei fotograferte mykje med motiv frå kvardagslivet, var dei flinke teiknarar og målarar. Det finst enno i dag mange bilete frå deira hand. Men etter at Crookshankfamilien gjekk ut, var det liten kontakt mellom engelskmennene og dei «innfødte».

 

Arbeidshjelp på Nyheim

 

Engelskmennene hadde bruk for arbeidshjelp den tida dei var her. Dei trong folk til å stella huset, og dei måtte ha hjelp med båtane i elva. Farsøster mi, Randi, var den som først var fast knytt til Nyheim og livet der. Ho fekk seinare med seg Ragna, søster mi, og ho fekk der si første opplæring i engelsk skikk og bruk. Ho kom seinare til å bli knytt til Nyheim og engelskmennene sine opphold her så lenge dei sat med Nyheim‑husa og fiskerettane, ‑ heilt fram til 1966. Da fekk Ragna kjøpt Nyheim av Michael Crookshank, barnebarnet til han som bygde huset. Michael C. hadde ikkje interesse av sportsfiske og ville helst selje huset.

 

Det er heilt naturleg at engelskmennene sitt opphald på Nyheim hadde økonomiske sider ved seg for alle i nærområdet. Bøndene fikk leigd ut elva si, og mange personar vart engasjert i ymse jobbar. Boatmen, fiskedrengar, var det alltid bruk for. Det var svært viktig å ha iallfall ein person som kunne tala engelsk, og den tida var det helst berre norsk‑amerikanarar som kunne ta seg av det språklege. Folk som eg veit var med engelskmennene, var: Ola E. Liabø, Steingrim Bruset, Lars Bonsak Lundli, Gunnar Bruøy Jenstad, Hilmar Rød, Martinus J. Ørsund, Ottar Grændsen, Steinar Liabø, Paul Gravem, Peder T. Gravem, Åsmund Vik, og Georg, Erling og Jon Nisja. Lars T. Gravem var også «boatman» for dr. Smith i nokre somrar før krigen. Før krigen var daglønna 10 kr., og da var det roing også om søndagane. Arbeidstida pr. dag var delt i 3 økter, før lunch kl. 12, frå 3 til 7 på ettermiddag og oftast frå 8 til 10‑ 11 på kvelden. Etter krigen vart daglønna heva til 20 kr. pr. dag, og da leieforholda gikk ut i siste halvdel av 1960‑åra, var daglønna komen opp i 60 kr. Det var ei heller dårleg løn, for ein opplevde det som betre løn med 10 kr. pr. dag i 1930‑åra. I 1939 var eg boatman for første gong, og dagløna mi var da 6 kr. pr. dag (som 14 ‑ åring).

 

Båtstellet

 

Fiskardrengene hadde tilsynet med og stellet av båtane i elva. Det var i alt 14 eiker spreidde utover elva frå Grensen til Hagen. Båtane var lagra om vinteren i garasjen på Nyheim, og minst I veke før engelskmennene kom (vanleg ca. 10. juli), måtte båtane dyttast med stry og botnsmørjast med tjøru. Like etter vart dei dregne ned i elva i Nisjaflønet, og der skulle dei liggja og trutne til straks før engelskmennene kom. Det tok lang tid å kjøre desse båtane med hest og langvogn til alle hølane i elva, og særleg var det langt å kjøre båtane til Grensaelva og ned til Hagen. ‑ Om hausten var transporten motsett, men alle båtane ovanfor Nyheim vart da sleppt nedover elva til høvelege lasteplassar.

 

Kjøkkenpersonale

 

Det var elles ein del kvinnfolk som hjelpte til med stellet inni huset. Det var ei kokke og ei oppvartingshjelp. Etter 1936 kom lorden med eigen oppvartar, kelner. Han heitte William og var hollender. Like før krigen hadde også dr. Smith og frue med seg ei kjøkkenhjelp frå England. Ho var eigentleg frå Østerrike, og bror hennar var innkalla til militærtjeneste i die Wehrmacht, den tyske hær. Dette førte til problemer for henne etter at dei reiste tilbake til England hausten 1939. Det gjekk ikkj e så lenge før ho vart internert og sat i fangeleir på Øya Man under heile krigen. Vi hadde kontakt med henne gjennom «Kriegsgefangenenpost» via Røde Kors. «Vi» var først og fremst Ragna (søster mi), men eg veit at både Jørgen Gravem (Drivøya) og Gunnar N. Jenstad (Bruøya) hadde skriftleg kontakt med henne. Ho heitte Gertrude.

 

Bilar/sjåførar

 

Etter krigen hadde lorden med seg eigen sjåfør og bil. Bilene var luksusmodellar av Austin Princess Saloon‑modell, bilar som iflg. skilt på karosseriet var «handmade» og utstyrt med hydraulisk jekk dreve av motoren. Det var berre å skyve ei luke til sides i golvet og trykkje på ein knapp, så jekka bilen seg opp sjølv. Problem vart det likevel når det viste seg å vera for lite «jekk‑olje» på jekken, for vi måtte via Erik B. Winter i Oslo heilt til England for å få tak i olje til jekken. «Naturmetoden» var nok snarare for oss her i landet når det galdt å jekke opp bilen og skifte hjul. ‑ Sjåførane var ‑ sett med våre augo ‑ utrolig servile og dresserte herremenn som gjekk ikring med påfuglfjær‑kosta og fjerna det minste støvgrann på panser og rute. Men det var interessante folk å få komma i kontakt med, for dei hadde opplevd mykje, m.a. ørkenkrigen i Libya og Egypt.

 

Personar i Nyheimmiljøet

 

Lord Iliffe var ein reindyrka overklasseperson. Alt måtte skje etter faste rutinar. Dei åt lunch kl. 13, og nåde den som da ikkje var på plass! Sjølv Smith, som såg på fiskinga som det aller viktigaste, var redd for å koma for seint heim til lunch når His Lordship var til stades på Nyheim. Men det var ikkje alltid så lett å planleggje fisketuren så nøye, ein kunne da risikere å få på laks like før ein burde ta på heimveg. Eg var med Colonel Guest ‑ ein eldre distingvert militær med krigserfaring frå Boerkrigen i Afrika, ‑ og vi skulle fiske over med ei flue på Berkmolgan ved Utistu på Gravem. Det gjekk slik at vi fekk på ein rugg på 16 kg, og vi greidde ikkje å halde han i hølen. Vi måtte følgje etter, og til alt hell hadde vi båt for handa. Det bar nedover elva, frå høl til høl, og endeleg tok vi land igjen akkurat der Bjørbekk bru står i dag. Men da var fiskaren minst like trøytt og sliten som laksen, for den lange fluestonga gav laksen ei god vektstong å arbeida med når han skar ut i straumen. Til alt hell greidde vi å få kleppen i fisken, og slaget var vunne. Men da var det også kome unnsetning til stades. Vi hadde hatt ein stri tørn i ca. 1 1/2 time, og lunch­tida var overskriden for lenge sidan. Derfor hadde lorden sendt sjåføren av stad for å finne ut kva som stod på. Sjåføren hadde funne bilen til Guest ved Utistu, men det var ikkje folk å finne ved elva. Derfor hadde han kjørt til Kalklingen og begynt å gå langs elva oppover igjen da han fant oss. Heldigvis ‑ ein 16 kg stor laks var god nok grunn til å koma for seint til lunch ‑ den gongen.

 

Den same Colonel Guest hadde ein viss flaks til å få på stor fisk. Han og Gunnar Bruøy fiska ein gong oppi Storløyfthølen ovanfor Grensa. Der sto dei oppå det høge berget og kasta ein «prawn» (reke) ned i den djupe hølen. Der hogg det på ein «hurre» av ein laks, og Gunnar måtte slå hendene rundt den over 1,90 m høge obersten for at han ikkje skulle stupe uti. Dei kjempa ei stund, men greidde ikkje halde laksen i hølen, og der var det ingen sjanse til å følgje etter nedover elva. Laksen sleit snøret, og det var visst Gunnar som var mest glad for at det gjekk som det gjekk.

 

Ein annan interessant person eg fekk møte på Nyheim, var Sir Mountevans, nestkommanderande under Scottekspedisjonen til Sydpolen 1911. Han var løytnant den gongen, men avanserte seinare innan The Royal Navy og nådde admirals grad under siste verdenskrig med hovudansvar for forsvaret av London by. Denne Mountevans var ein venn av lord Iliffe, og var på den måten blitt invitert med til Nyheim. Han var godkjent translatør for norsk‑engelsk, for han hadde opphalde seg mykje i Norge, og han var gift med ei norsk dame frå Harpefoss i Gudbrandsdalen. Så vidt eg hugsar har han treft henne i den tida han trena saman med Scott og folka hans til Sydpolferda. Dei oppheldt seg da i lange periodar på Hardangervidda.

 

Han fortalde mykje om det han hadde opplevd i sitt innhaldsrike liv, men det som eg hugsar best var den redningsaksjonen han måtte setje i gang da Scott ikkje kom att frå Sydpolferda. Mountevans låg ved iskanten og venta med båten som førde Scott sørover. Med på Sydpolekspedisjonen var også nordmannen Tryggve Gran, han som seinare gjennomførde den første flyturen over Nordsjøen, frå England til Norge. ‑ Gran var skieksperten for Scottekspedisjonen, og det var meininga han skulle vera med heilt til Sydpolen. Men da Scott oppdaga at det vart konkurranse med Roald Amundsen, fekk ikkje Gran bli med på sjølve pol‑turen, sidan Scott ikkje ville at to nordmenn skulle konkurrere mot kvarandre. ‑ Da Scott ikkje kom att, sette Mountevans  Tryggve Gran til å leie redningsekspedisjonen. Ein gong ‑ ca. midt i 1950‑åra ‑ var eg pa ei samankomst i Folkeakademiet på Sunndalsøra, og der fortalde Tryggve Gran nettopp om denne redningsekspedisjonen. Der fortalde Gran om da han som førstemann kom fram til teltet der Scott og mennene hans låg, så stoppa han opp og sa: «Her må de som er engelskmenn, gå inn først.» ‑ På denne sammenkomsten på Sunndalsøra fekk eg høve til å spørje han om han visste om Sir Mountevans levde, og det sa han at han trudde han gjorde. ‑ Som sjef for forsvaret av London by under krigen, kom Sir Mountevans i nær kontakt igjen med Kong Håkon 7. Dei deltok i tilstelningar for nordmenn som var i London under krigen. Bl.a. delte dei ut gåver til dei som arbeidde for nordmennene der borte, og mellom dei var det ein stab med vaskekoner.

 

Når eg seier at Mountevans kom i kontakt igjen med kongen, så er det fordi Mountevans fortalde om det første møte han hadde med Håkon 7. Det var straks etter at resten av Scottekspedisjonen kom tilbake til Europa, så gjekk dei ikkje til England, men dei gjekk strake vegen gjennom Kanalen og opp til Oslo, og etter å ha fått audiens hos kongen, gjekk han i sin eigen høge person opp til Slottet og leverte brevet Roald Amundsen hadde skrive til kongen medan han var på Sydpolen, det brevet Scott fann på bordet inne i Amundsens telt på sjølve polpunktet! ‑ Snakk om «sportmanship»!!

 

Dei siste åra i Nyheimperioden

 

Lord Iliffe døydde i 1953, og da kom ein ny periode i Nyheimhistoria. Dr. Smith overtok leia av elva og Nyheimhusa, og han sat med desse rettane til 1959, da også han døydde. Engelskmennene ville alltid skrive leiekontraktane på minimum 10 år, helst 20 år, og det siste skjedde da det vart skrive kontrakt i 1946. 1946 var første året engelskmennene kom tilbake etter krigen, og folk var jo så glade over at krigen var slutt at dei reflekterte ikkje så mykje på at 20 år er i lengste laget for ein slik avtale. Tenk berre på endringane i pengeverdien i eit så langt tidsrom. Leia var talfesta ut frå pengeverdien i 1946, og i 1966 var det faste kronebeløpet ikkje mykje verd. Mange av gardbrukarane ville derfor gjeme få ein slutt på den gamle utleieforma, og da Smith spurde om Gravems‑elva kunne gå ut av kontrakten i 1953, var det ei grei sak. Men elva frå og med Nisja til og med Grensen ville han framleis ha hand om. Etter Smiths død var det da den rette eigaren, Michael Crookshank, som sat med kontraktane. Elva og Nyheim vart da leigde ut til ymse interessentar, m.a. Miss Bower og Lady Mexborough for ei kortare tid, og så nokre år til Mr. Fulford, Mr. Spencer og Mr. Bruce. Desse siste var da bra fiskarar, og året 1963 vart eit særs bra år. Så vidt eg veit er det det nest beste året etter krigen, men det beste var nok 1946. Da vart det på Nyheim teke 101 laksar, tyngre enn 6 Ibs. Laks under 6 Ibs. rekna engelskmennene for «grills», og dei måtte ikkje koma inn i statistikkane deira, der det galdt å halde så høg gjennomsnittsvekt som mulig. Gjennomsnittsvekta i 1946 var på mellom 9 og 10 kg, og det var svært god reklame for elva. «Vi kan få like mykje fisk (laks) i elvane heime i England, men der er vekta berre 3‑5 kg,» sa dei. «Her kan ein «risikere» å få ein 20 kgs fisk, og den er meir verd enn mange, mange små.»

 

Før krigen ‑ og særleg før 1936 ‑ var det vanleg at engelskmennene gav bort det meste av fisken. Noko åt dei sjølve, men det var ikkje så vanleg at dei selde han. Etter krigen vart det snuing på dette, og noko av det fiskardrengene lika mindre godt, var å hogga lauv og pakka laks som vi sende med godsruta til oppkjøparar på Sunndalsøra.

 

I 1966 gjekk alle leigekontraktar ut for både elv og hus, og da selde Michael Crookshank husa på Nyheim til søster mi, Ragna Nisja. Den engelske sportsfiskarperioden var dermed slutt, og Ragna sat med husa heilt fram til 1995, da ho overdrog husa til Endre T. Nisja.

 

Dei beste åra

 

Perioden 1935‑1940 er i mitt minne den beste tida eg har levd. Alt gjekk stille og roleg for seg i bygda, det var mykje folk på gardane, og miljøet gav grunnlag for å føle seg trygg og med trivsel i høve til medmenneska, både eldre og yngre. Dei vidgjetne «harde tredveåra» var over, og levestandarden var betra mykje. Folk fekk råd til å kjøpe seg sykkel, grammofon, ja til og med radio var det somme som skaffa seg. Vi som gjekk i skolen enda, opplevde å få koma inn til læraren, P.A..Solem, og høyra når Lars Bergendal, Olaf Hofsbakken, Sigmund Røen, Karpinen, Jalkanen, Kurikala, Sven Edin og mange fleire kjempa om dei edle metalla på ski. Brørne Ruud, Kongsgaard, Hilmar Myra, Thulin Thams, Sven Selånger o.fl kjempa om premiane i hoppbakken. Bronselaget frå Berlin OL i 1936 var idealet for oss når det galdt fotball. Det same galdt også Arsenal og Aston Villa i England. Lokalt var det enda mest eit overtak å kjøpa fotball, til det var kontantane for få for oss gutungane. Derfor var det eit minne for livet da lord Iliffe sende oss ein fotball frå England, og eg hugsar kor stolte vi var da vi fekk læraren vår til å skrive eit takkebrev til lorden, og han Lars B. Lundli oversette brevet til engelsk for oss. ‑ Idrettsplass fanst ikkje, så all idrett ‑ også fotball ‑ måtte berre foregå der det fanst ei open slette eller der vegbanen var litt breiare enn vanleg på ein eller annan plassen. Dei vaksne hadde sitt idrettslag, Gravem idrettslag, men mangelen på idrettsplass var like håplaus for dei. Dei fleste øvingane gjekk føre seg på landevegen, og der var det ein god del løping, frå 100 m til 800 m. Dessutan arrangerte dei stafettløp frå ungdomshuset, om Vollan, Mobrua, Hjellebrua og tilbake til ungdomshuset. Både G.I.L. og Fjellgardane stilte lag. Ein gong hugsar eg at eg var med Endre S. Nisja og målte opp heile strekninga ved hjelp av å telje omdreiningane på sykkelhjulet, der vi batt på ein kvit klut på ventilen.

 

Men vi gutungane ville også ha vårt idrettslag, og ein gong kring 1936‑37 starta vi «Guttelaget Lyn». Vi var også så ekstravagante at vi fekk laga vårt eige klubbmerke som vi festa på jakken. Det var Karl Lindgren som laga merket i nysølv og stod for graveringa for kr. 0,50 pr. stk. «Lyn» dreiv både med friidrett, fotball og ski. Det var derfor heldig for oss at gutungane på Musgjerd skipa sitt idrettslag, guttelaget «Hauk». Det var årvisse konkurransar i alle desse idrettsgreinene fram til krigen kom og sette ein stoppar for det meste.

 

Lærar Solem dreiv med fleire kulturelle aktivitetar, bl.a. eit blandakor, skolekor, og kring 1937‑38 gjekk han også i gang med å dirigere eit mannskor. Opptakten til mannskoret vart nok gjort av Martinus Bjørbekk som var fjøskontrollør i Øverbygda på denne tida. I samband med ei morsdagsfest skulle det vere noko songprogram, og slik gjekk det til at vi kom saman nokre ungdomar i ungdomshuset ein søndagskveld. Der øvde vi på eit «blanda» songprogram, og resultatet vart at vi skulle prøve å få med oss Solem som dirigent for eit mannskor. Som tenkt, så gjort. Med mannskorsongboka «Laudate» og nokre lause noteblad bar det til å øva Vi vart fast underhaldningsdel på dei fleste tilstellingane i åra som følgde. Nyttårsnatta 1939‑40 deltok vi ved midnattsgudstenesta i Hov kyrkje. Dit var vi blitt invitert av sokneprest Opdahl, som også bad heile mannskoret inn på kveldsmat i prestegarden. Det vart da naturleg å syngja ved bordet, og enno i dag tykkjer eg at eg høyrer kor andrebassane Sivert Gravem (Larsstu), Lars Forseth og Lars O. Svisdal rulla dei tunge og malmfulle basstonane nedover i djupna under «Deilig er jorden». ‑ Det var ei spesiell stemning under den midnattsgudstenesta, og det kom også til å bli det siste årsskiftet vi fekk oppleve før krigen kom også til vårt land.

 

Når eg tenkjer på den hendinga og opplevinga, kjem eg alltid til å hugsa kor kaldt det var åt oss på den turen. For at koret skulle koma seg nedover til Hov, måtte det leiast inn fleire personbilar. Vi var ca. 24 stykke som skulle reise «den lange vegen» den gongen og i mørke og sterk kalde. Varmeapparat på bilane fanst det ikkje slik at det monna noko. Det var å sitje med ein sprit‑klut og prøve å halde oppe ei gjennomsiktig glenne på frontruta, slik at sjåføren kunne ha litegrann sikt. ‑ Og det var kaldt å springe i småsko med kalosjar på gjennom drevsnøen da vi måtte koma oss heimatt utpå natta. Bror min hadde også mista ein av kalosjane da vi sprang gjennom snøfonnene ved Vollanbakken. Det var ca. minus 25 grader da vi kom heim.

 

Krigsåra 1940‑1945

 

Den første «kontakten» med krigen opplevde eg ein dag i februar 1940. Krigen var i gang ute i Europa, men det galdt liksom ikkje oss. Men denne dagen skulle eg på eit skirenn på Musgjerd, og med ski og stavar på sykkel var eg komen til Negard på Gravem. Der møtte eg Leif som fortalde at no var det spent, for engelskmennene hadde gått inn i Jøssingfjorden og teke eit tysk lasteskip, Altmark, som var fullt av engelske sjøfolk, Leif hadde høyrt det i radioen, men visste elles ikkje noko meir ‑ om vi var medkomne i krigen eller ikkje. Heldigvis såg det ut til å gå over, og vi håpa alle det beste.

 

Men det gjekk ikkje så lenge før «ulykka» kom over oss att. Ein morgen da eg kom ned frå loftet fekk eg høyre at «no er det krig». Det var litt av eit sjokk. Eg fekk beskjed om å fara på butikken for å handle litt, og bortpå Isbrekka møtte eg Endre S. Nisja og Peder T. Gravem (Øya). Krigen vart naturleg nok samtaleemnet, og vi hadde fått høyre at ein del norske styrkar skulle ha trekt seg tilbake og gått over grensa til Sverige. Vi tykte det var leitt, og Peder tok såpass hardt i at han forsnakka seg i farten. «Nei, eg held no på dæm som skyt så lenge dæm har kul og kruto!» sa han. ‑ Endre sa at han venta å få innkalling til militærtjeneste i lag med mange andre, og det gjekk ikkje lenge før mange var på veg til krigsinnsats, dei fleste med Åndalsnes som møteplass. Medan eg sat på telefonsentralen i dei dagane, hugsar eg at vi også ringte rundt til alle heimar om at «infanteriregiment nr. 12 mobiliserer», men så vidt eg veit var ikkje det noko aktuelt her i distriktet. Nokre få soldatar her, m.a. Amund Gravem, var inne på militærteneste i hjulrytteravdelingane på Rinnleiret, men dei var alt på plass, og dessutan var det uråd å koma frå Sunndalen til Nord‑Trøndelag, sidan Trondheim alt var okkupert. Eg veit at nokre mann frå Sunndalsøra prøvde å kome seg nordover, men turen stansa på Oppdal.

 

Livet på gardane her i bygda gjekk elles så normalt som mulig, men det var ei uvisse som rådde. Vi var ikkje orienterte, og det var berre nokre få plassar at dei hadde radio, slik at du kunne høyre nytt utanfrå. Dessutan var det ikkje mange stasjonar å lytta på, for anten var dei alt tekne av tyskarane, eller så var dei bomba og øydelagde. Tromsø på langbølgen var den stasjonen som heldt ut desse krigsdagane her i landet, og det var ikkje alltid så greitt å høyre den stasjonen her på dagtid. Til slutt var det berre «Frihetssenderen» på kortbølge, 29,8 m, som hadde meldinger å kome med. Tyskarane var sjølvsagt på jakt etter denne sendaren også, men han berga seg nokså lenge. Det var fullt av alle slags rykter i desse tidene, for det ein ikkje visste, vart gjeme framstilt som «eg trur at ‑», «det var visst slik at ‑», og sanninga i det som vart fortalt, kunne vera i tunnaste laget. Bl.a. hugsar eg at det vart sagt at «Frihetssenderen» var plassert i ei barnevogn og vart flytta frå stad til stad, slik at tyskarane ikkje greidde å peile han inn. Vidare hugsar eg ein «trøyste‑vits» frå den tida. Det var ein gut som kom springande ut på gata og ropa: «Far har funne Frihetssendaren! Far har funne «Frihetssendaren!» Nokre tyskarar høyrde og forsto dette, og tok guten til sides for å få han til å fortelja dei meir om dette, og spurde han lurt og forsiktig: « Kvar fann pappa din Frihetssendaren?» «Han fann han på 29,8 m,» svara guten. ‑ Slik tykte vi at vi fekk narrast med tyskarane, ‑ i all vår maktesløyse.

 

Sjokk‑verknader

 

Ein ting har eg undrast mykje på i tida etter krigen, og det er kor lite vi fekk til å forstå eller kanskje ikkje ønskte å forstå av det som gjekk føre seg i desse krigsdagane. Vi heime på garden var vane med ‑ kvar vinter ‑ å skjera is på elva og fylla opp ishuset til engelskmennene på Nyheim, slik at dei kunne isa ned laksen dei fiska i elva kvar sommar. Derfor var det da på høg tid at vi skar denne isen no før isfora reiste med han. Vi heldt til ved Nisjabrua og var i fullt arbeid med isskjeringa da dei første bombeflya begynte å fly opp og ned dalen. Vi tykte nok at dei vart svært nærgåande, for når dei kom oppover dalen igjen, snudde dei her på Gjøra, for her var det nok plass til det. Men da vi kom heim til middag den dagen, fekk vi høyre at dei hadde bomba Sunndalsøra og bruene oppover dalen, og da forsto vi at det var lite lurt å halde på og arbeide attmed brua. Eg trur det vart slutt på isskjeringa med det same, men framleis lurar eg på korleis vi kunne tenkje oss at engelskmennene kunne ha bruk for is på Nyheim den sommaren!

 

Orientering / Informasjon

 

Bror min, Gunnar, hadde radio i Gravemshagen den tida. Han lytta også på utanlandske stasjonar for å få meldingar om krigen. På ein tysk stasjon fekk han da høyre at tyskarane hadde bomba flyplassen og hangarane på Sunndalsøra! Dette var nok ei kraftig oppskriving av dimensjonane på idrettsplassen som låg ved dei gamle Aura‑lagra nede på Øra. ‑ Elles hugsar eg at Erling Halvorsen, som da budde på Lunheim, fortalde at han hadde høyrt i radioen sin frå Stockholm at tyskarane hadde gjort nokre framstøytar i Norge, men måtte trekkje seg tilbake «med svåra forluster». Det var verkeleg godt å få høyre!

 

Vegrydding i krigstid

 

Ein «krigsinnsats» som vart utført i desse dagane, var rydding av vegen frå Vollan, om Mobrua, Hjellmo ‑Hjelle ‑ Bjørbekk og til Ottemsbrua. Det er vel ei strekning på ca. 7 km. Berre stykkevis var denne vegen køyrt opp (brøyta) med hest og slede, og på resten av vegen låg det djup snø. Grunnen til at dette veldige arbeidet vart sett i gang, var at det kom ein «ordre» om at vegen måtte takast opp, slik at militære styrker kunne køyre der med bil, dersom tyskarane skulle kome til å treffe Ottemsbrua med bombinga si. Frivillige mannskap frå heile Øverbygda gjekk i gang med spader, delvis hakker og til og med hest med åkerplog for å bryta opp den samankøyrde skalken med hard snø i vegbanen. Det fanst ikkje annan snøryddingsreiskap den gongen! Snøplog for hestar kunne ikkje brukast, for til det var snøen altfor hard. Det vart arbeidd natt og dag i mange døgn, utan at nokon tenkte på tid, overtid og løn! Og endelig var vegen opna i ca. 3 m breidde ‑ dersom det skulle bli bruk for han, ‑ og det vart det heldigvis ikkje.

 

Militær i Sunndal

 

Elles var det stasjonert ein tropp soldatar i bygda. Rittmester Juel hadde kommandoplassen sin på Heimstad på Grøa. Oppdraget deira var vakthald, særleg ved bruene i bygda. Vaktmannskapet var vernepliktige eldre folk på både 40 og 50 år, og som delvis var frå nærtliggande område til bruene. Som tidlegare nemnt prøvde tyskarane å bombe bruene, og det var da Ottemsbrua (næraste bomba ca. 100 m), Romfobrua (næraste trefte oppunder Halsen ved Klingfjellet, ca. 200‑300 m borte), Falebrua (ca. 50 m bom), Elverhøybrua (ca. 30 m) og Drivabrua. Den siste veit eg ikkje kor nær dei kom, men det kunne ikkje vera så bra resultat der heller, for ei historie frå desse dagane fortel om ein gut nede på Øra som sa at «når dei kjem for å bombe, kan vi berre springe bort på Drivabrua, for der treffer dei ikkje.» ‑ Men om dei ikkje trefte Drivabrua, så trefte dei i alle fall husa på Øra, blant dei telefonstasjonen. Det førte til at vi ved Gjøra stasjon måtte «utvide» tenestetida og arbeidsmåten. Sambandet gjennom Øra var så dårleg at det gjekk ikkje ring frå Tingvoll til Gjøra etter «riks‑linja», og derfor måtte det sitje nokon med mikrofonen på øyra heile tida, for meldingar måtte kome fram ‑ særleg til rittmester Juel. Meldingar som eg hugsar frå denne tida var ei melding til lensmannen der ein bad om opplysningar om djupna ved kaia på Øra. Det var nok snakk om at engelske båtar kunne koma dit for å landsetje tropper. ‑ På same «riks»‑linja kom det også flymeldingar, men da helst frå Oppdal. Det gjekk ca. 10 min. til flya kom vanlegvis. Ein dag konsentrerte flya seg særleg om Ottemsbrua. Dei fann nok ut at det var for smalt å bombe brua på tvers ved å fly langs etter dalen. Skulle dei få bombe brua på langs, måtte dei fly på tvers over dalen, men da måtte dei over fjella. Dei flaug rundt i ring, tvers over dalen ved Ottem, over Grødalen, rundt fjella på Gjøra og kom så tilbake over Ekran og sleppte nokre bomber att. Nokre bomber trefte innpå hjellane der over Bjørbekkjelykkja, og ei større bombe trefte ved Gammelmeieriet på Hagen‑sida av elva. Denne tyske interessa for Ottemsbrua var kanskje årsaka til opptakinga av vegen om Hjellnes ‑ Hjelle ‑Bjørbekk.

 

Dimitering

 

Da kampane i Sør‑Norge ebba ut dei første dagane i mai, var det stor trafikk nedover bygda av norske soldatar på retrett til Meisingset. Det var nok ein stor fordel for dei at dei kunne køyre over Ottemsbrua, slik at dei slapp å køyre «naudvegen». Etter at dei norske troppene hadde passert, vart vegen sprengt ved Stygghamrane i Gråura. Likeins vart Romfobrua sprengt. Sprenginga i Gråura var ikkje vellukka, så tyskarane kom seg heller lett over. Ola I. Gravem og nokre karar tok ein personbil og køyrde opp i Gråura for å sjå korleis vegen såg ut, men der møtte dei tyskarane som kapra både bil og sjåfør, og med ein maskingeværmann på ein framskjerm måtte Ola vera med på ein rekognoseringstur nedover til Gjøra, men vel oppoverkomne att, slapp dei fri og fekk køyre heimatt.

 

Tyskarane kjem

 

Helgetorsdag (Kristi Himmelfartsdag) 9. mai kom dei første motoriserte tyske styrkane nedover dalen. Det var eit frykteleg leven av dei beltedrivne køyretya, og eg og søster mi (Helga) var på tur nedatt frå Kvernbekkjedalen etter å ha gøymt ein del sølvsaker som vart fjerna «på alle sju vona». Men eg hugsar den fryktelege larmen som var noko heilt nytt for oss. ‑ Omtrent samstundes med dette gjekk det føre seg ein «leite‑aksjon» etter norske soldatar inne på Døvrefjellet. Gjennom telefonsentralen kom det ei melding frå nokre soldatar som var komne ned i Eikesdalen og Litledalen at det var mange norske soldatar på vandring nordover frå Gudbrandsdalen og Dovre. Etter at kampane i Gudbrandsdalen var stilna og tapt, søkte mange soldatar opp i fjellet i staden for å overgje seg til tyskarane. Somme gjekk på ski, medan andre gjekk til fots. Dei siste hadde nok ein stri tørn framfor seg når dei skulle prøve å nå over Dovrefjellet og koma seg heim. Det var dårleg med mat også, så dei måtte skyte seg inn i hytter o.l. for å finne seg mat og tak over hovudet for natta. Dessutan var det mykje snø og eit strålande ver, noko som førde med seg at mange av dei var snøblinde og svært tørste. Oppdraget for mange karar i Øverbygda vart da å få med seg mat, drikke, solbriller og litt ekstra med klede. Det var med folk frå Hafsås, Svisdal, Jenstad og Nisja, og dei klarte å få fram hjelp til fleire soldatar som var i vanskar.

 

Det gjekk ikkje mange dagane før det var «fullt» av tyskarar i bygda. Dei to inn i husa der dei fann det for godt. Her på Gjøra tok dei inn i ungdomshuset, bedehuset, Nyheim og i private heimar der dei kunne finne rom, som t.d. skolen, hos P. Vik, Nisja, Hjellmo, Klingøya o.fl. Siste natta før tyskarane kom «for fullt», hadde vi køyrt vekk mykje av sakene på Nyheim, både koppar, klede, fiskesaker og ting vi rekna for verdfulle. Sakene vart «lagra» både i Hjellmo, Sandlykkja og på Nisja, og vi var heldige og berga det meste gjennom heile krigen. Like etter krigen sende lord Iliffe ein sjekk på 100 £ (ca. 2000 kr.) til folket her og til «øyeblikkelig hjelp» om nokon trong det. Noko måtte da brukast til å reparere skadene tyskarane hadde gjort på Nyheimhusa, bl.a. brent opp som ved, trekrona på ei stor golvklokke og rekkverket på loftstrappa.

 

17. mai 1940

 

Ein spesiell episode hugsar eg frå tyskarane sine førebuingar til feiring av pinse og 17. mai. Tyskarane gjorde kva dei kunne for å blidgjera oss litt tunge og mutte nordmenn. Det første dei gjorde var å spa opp ein stor sirkel i Kontrøa, midt i beste enga vår. Etter intense protestar lykkast vi å få dei til å fjerne heile det store bålet dei hadde ordna i stand inni den oppspadde ringen. Men i staden fann dei på å dra ut ein del av eikene (båtane) som var lagra i garasjen på Nyheim. Nokre av desse drog dei ned i elva, og to soldatar fann på å prøve seg som båtmenn. Med kvar si åre karra dei seg mesta over elva der dei sat på kvar sin plass i båten, men da dei skulle prøve å koma seg tilbake til Nyheimsida av den flaumstore elva, gjekk det reint gale. Det bar på straumen med dei, og det siste vi såg av båten var at han vart kvelva heilt rundt i lause lufta, og båe soldatane datt som pakker ned i fossane ved Støttflønet. Den eine soldaten klarte å symje i land, men det einaste vi såg av den andre soldaten, var ei soldatlue som flaut nedover Stavhølen. Soldaten som omkom, var berre 18 år. ‑ Med hjelp av Lars Bonsak Lundli og ein engelsktalande tysk kontorist fekk vi overbevist tyskarane om at det var best at vi nordmenn tok oss av den engelske «home fleet» som Lars sa, ‑ med eit glimt i auga. Slik vart da alle dei engelske båtane plassert under «stålet» i fjøset på Nisja, resten av krigen.

 

«Waffen nieder»‑ Våpenlevering.

 

Elles hugsar ein da godt den dagen ein måtte levere inn alle våpna ‑ eg trur det var hausten 1941. Mange heldt nok unna «god‑børsa» si, pakka ho godt inn og gøymde ho i hus, kjellarar og ute i naturen. Det er i grunnen rart å tenke på ei strofe frå den nyttårskavalkaden Endre S. Nisja skreiv i ungdomslagsavisa «Ringarn» ved årsskiftet 1939‑40: ‑ «Og atter kommer flere hundre og fører alt av verdi bort, mens sunndølske muskedundre ‑ flau sitt levnedsløp beundre - rødmende av rust og lort.» For det var nok mange geværer som hadde fått merka mangelen av «skytterens geværolje» og kjærlig pleie og stell der dei låg og venta på lysare tider. ‑ Men kravet til matauk førde til at ein del geværer (hagler) var utlevert att om haustane etter søknad via lensmann og politimester. Georg, bror min, og Trygve Jenstad (Bruøya) fann ut at det gjekk snarare med løyve ved å søkje direkte til politimesteren. Som tenkt, så gjort, og geværa kom i bruk i ein fart. Men så vart freistinga for stor for Trygve ein dag han fekk sjå ein ande‑hop borti elva. Han tok pumpegeværet sitt og fyrte av ein heil serie skot bortpå elvebakken. Uheldigvis var det offiserar på inspeksjon hos flyvakta ved Nisjabrua da dette hende, og eit par dagar etter kom lensmannen for å hente geværet (og mannen?) etter ordre frå sikkerhetspolitiet i Ålesund!! Lensmannen kunne ikkje sjå at Trygve hadde lov til å ha den børsa, men Trygve tok seg god tid til å vaske hendene sine, og så gjekk han av stad etter løyvet frå politimesteren. Lensmannen vart nok litt lang i maska, men han måtte berre ta med seg geværet, slik ordren var. (Men skal tru om ikkje også mannen skulle ha vore med, iflg. ordren??!)

Gaupejakt

 

Tre gardbrukarar, Leif Gravem, Sivert O. Gravem og Endre G. Nisja søkte om å få ut att Krag Jørgensen geværa sine, for det var sett ei gaupe. Ved hjelp av sokneprest Opdahl vart saka lagt fram for ortskornmandanten på Sunndalsøra, og han let seg overtyde om at gaupa burde haldast borte frå matfatet i slike tronge tider. Han skreiv ut løyve til å hente ut geværa og at dei 3 geværa kunne haldast heime «til gaupa var skutt». Våpensmeden som skulle levere ut våpna, måtte ha kvittering for utleveringa, og derfor tok han dei tre skriftlege løyva som kvittering. Karane var mindre interessert i papira enn i geværa, og dei var nøgde med det dei hadde fått til. I februar ‑ 42 kom tyskarane på rassia, og da dei kom til Endre og spurde om han hadde våpen, svara han som sant var at han hadde fått utlevert Kragen. Det godtok da ikkje tyskarane, og Endre vart arrestert. Han bad da om å få presten til å bevise at han hadde fått utlevert geværet og at våpensmeden hadde teke løyvet for å ha i rekneskapen sin. Men problemet var ikkje så lett å løyse, for både ortskommandanten og våpensmeden var reist over alle hauga. Presten var også i eit stort dilemma, for dei to andre geværa hans Leif og hans Sivert var ikkje funne av tyskarane, slik at presten måtte vakta seg vel så han alltid tala om berre eitt gevær og ikkje røpa at det var fleire gevær som tyskarane ikkje hadde funne. Men heller ikkje presten var å lita på, meinte tyskarane, og Endre vart send til Ålesund først og sidan til Vollan kretsfengsel i Trondheim. Familien søkte da hjelp hos sakfører Oddmund Hoel i Oppdal, og han greidde å få han fri att etter 3 månader i arresten. Ja, det var gaupejakta den gongen.

 

 

Innlevering av radioar. Tjuvlytting.

 

Ein utbreidd ulovleg aktivitet under krigen var radiolytting. Opplysningar om krigens gang skulle vi få berre frå dei nazisensurerte avisene, og derfor måtte folket avstengjast frå å lytta på radio. Hausten 1941 måtte alle radioar innleverast, og her på Gjøra vart desse lagra på eit kott ved sida av Salen i Gjøra skule. Kottet vart stengt og plombert, så der skulle ingen få høyra noko nyheter. Men ein ting hadde ikkje politiet brydd seg om å sjå på da dei godkjende rommet, og det var at rommet var ope over, slik at ein kunne koma ned i rommet ovanfrå. Læraren, P. A. Solem, var klar over dette, og når behovet vart stort nok, kraup både han og presten over loftet på salen og tok seg ned i lageret. Ein gong hadde eg og kameraten Steinar lytta til radioen på Småvollen, og da var det noko særs viktig som hadde hendt. Vi meinte at dette måtte vi fortelja til læraren, og vi drog til han. Det var ein laurdagskveld, og da vi kom fram til læraren, var også presten komen der. Han skulle ha gudsteneste i kapellet dagen etter, og sidan det var vanskeleg for presten å koma seg oppover frå Øra søndags morgon, reiste han til Gjøra kvelden føreåt. Vi kjende presten godt, så vi var ikkje redde for å fortelja dei båe to om det store som hadde hendt. Eg hugsar framleis kor forundra og mesta skuffa vi vart over den «lunkne» mottakinga meldinga fekk, men det vart ikkje sagt så mykje meir om det. Seinare ‑ etter krigen ‑ fekk eg greie på at både presten og læraren hadde vore på «lytte‑tokt» på kottet den kvelden vi kom med dei «ferske» nyhetene, så det var allereie gamalt nytt vi for med. Men det fortel og samstundes kor tett det kunne vera sjølv mellom «kollegaer» i tjuvlyttingsmiljøet.

 

I løpet av krigen fekk eg kontakt med mange tjuvlyttarar. Det var i lengre og kortare periodar ulovlege radioar hos G. Forseth i Svisdal, Småvollen, Hjellmo, Kapellet på Gjøra, Grytlykkja og på Nisja. Og enda var det sikkert mange aktive radioar som eg ikkje visste om, ‑ og takk og pris for det! Frå hausten 1941 oppheldt eg meg mykje nede i Nerbygda. Første året budde eg hos Per Hoel, som var storlyttar og seinare XU‑sjef i bygda. Han hadde etter kvart fleire radioar, og han fekk også høve til å nytta det elektriske straumnettet til radioen sin etter kvart. Dei to åra eg gjekk på realskulen på Furu, budde eg på Hoel, men så å seia kvar dag fekk eg sjå eit skriftleg resymé av nyhetene nedskrivne av Per Hoel, for desse lappane med nyhetene på vart sende med Karen eller Tora Hoel, lærar Kjærstad eller ‑ du kor eg kvakk! ‑ dei låg inni boka mi i lag med den tyske gjenfortellinga da eg fekk ho att med læraren. Leif Mæhle skulle også sjå «lappen» før han i all løynd vart overlevert til Kristin Opdahl, dotter åt presten, og slik vart han «far sjøl» informert også. Presten var i det heile ein durkdriven «partisan» som vi måtte søkje råd hos når problema heldt på å bli for store. Da gjekk han til bokhylla si inne i stua og leita fram dei siste og ferskaste ulovlege avisene, og ut frå det som stod der gav oss råd om kva vi skulle gjera.

 

Somme gonger var eg av stad og skulle la Ingbrigt Mellomseter reparere ein eller annan elektrisk artikkel, heitte det seg. Han hadde radio under senga til ein av ungane på loftet der borte på Håven, og sidan han var elektriker, var det plausibel grunn til å besøkje han av og til når ein berre hadde med seg noko elektrisk, ‑ i tilfelle passkontroll eller rassia. ‑Ein måtte berre passe på å vera stille når ein kom på «radiorommet» så ikkje ungane vakna. Lorentz Bjørset nedpå Karihaugen hadde radioen gøymt under bryggja til hesten nede i stallen. Dr. Husby spela ein fullgod rolle som «do‑gjenger» når han kom oppatt frå stallen etter å ha høyrt nyhetene. Han gjekk over tunet medan han kneppte på seg bukseselane!

 

Ein gong medan eg budde hos Per Hoel, hadde eg vore austpå høylåven hans Jørgen B. Torske for å skriva ned «London‑diktaten», eit kortfatta samandrag av nyhetene lest som diktat frå London. Eg sykla i mørke og på holka nedover mot skulen igjen da eg brått fekk eit sterkt lys frå ei lommelykt midt i ansiktet. «Lappen» med nyhetene hadde eg i brystlomma, og det første eg tenkte på var at gudskjelov, han er så liten at eg kan eta han opp! Eg trudde at no hadde tyskarane peila meg inn når eg skulle finstille radioen på kortbølga, for da hender det ofte at ein lagar pipelydar like før ein kjem nøyaktig på stasjonen. «Ausweis!» sa det i mørket bak lommelykta. «Gudskjelov,» tenkte eg, «dei vil berre sjå passet rnitt!» Passet kom fram, dei lyste på passbiletet og på meg, fleire gonger. Da fekk eg høyre dei mest velsigna orda eg kan minnast å ha høyrt: «Du bor hos Per Hoel?» «Ja, det gjorde eg, og da oppdaga eg at han som snakka norsk, var ein soldat som av og til kom på besøk til Per Hoel. Han heitte Sohns og var kunstmålar. Han var gift før krigen med ei dame fra Bergen, og han tala flytande norsk. Dessutan var han anti‑nazist, og eg meiner han var ein påliteleg informant for Per Hoel når det galdt opplysningar om den tyske kampånden og kampviljen. Da Skuleheimen på Furu vart riven ‑ truleg i 1980 ‑ kom det fram nokre måleri på ein vegg der da dei reiv av noko kledning. Desse bileta var såpass forseggjorde og bra enda at målaren ‑ ein Herr Sohns i Tyskland ‑ vart oppspora og spurt om ein skulle ta vare på dei. Men nei, dei var måla etter ordre, så berre riv det ned. ‑ Eg veit forresten at Per Hoel var til Tyskland og besøkte Sohns etter krigen, og eg skulle gjeme ha vore med for å seie han takk for hjelpa da eg følte meg liten i skogen ved Torske.

 

Gjørasmoen lager

 

I Gjørasmoen bygde tyskarane eit større lager med forsyningar av mat, ammunisjon og fòr til hestar. Området vart inngjerda, og det var stasjonert fast vaktstyrke. Vegen frå Fjellgardane til Vollan gjekk gjennom leiren, og vi var avhengige av at vakta kom og låste oss inn og at ho var på plass og låste oss ut att på andre enden av leiren. Dette skapte mykje irritasjon når vakta berre gjekk og slura langsmed gjerdet medan vi hadde det travelt med å nå mjølkebil eller buss. Seinare vart vegen lagt utom leiren omtrent der vegen går i dag, og det gjorde det lettare å ferdast til og frå butikken og elles, og så var ein ikkje så ille ute om ein hadde gløymt passet ein gong. UX‑folk på Gjøra (Georg Nisja) kartla heile leiren nøyaktig, og takka vere folk som arbeidde i leiren, fekk ein ut opplysningar om alt som fanst av forsyningar i leiren. Det vart sagt å vera forsyningar til 10.000 mann i 1 månad. Gjørasmoen var eit lager bak fronten i tilfelle invasjon frå vest.

Flyet på Råstu

 

Påska 1945 datt det ned eit tysk rekognoseringsfly oppå Råstu i Grødalen. Mannskapet hadde hoppa ut i fallskjerm over Namsos p.g.a. antatt brennstoffmangel. Flyet heldt fram, styrt av autopilot til motorane stansa over Råstu, og flyet datt ned der nær toppen av fjellet. Folk på påsketur i Grødalen høyrde flyduren som stansa og eit tungt smell etterpå. Tidleg neste morgon drog nokre karar på tur opp til Råstu, og dei fann det havarerte flyet. Blant massevis av flydelar fann dei og ei kodebok med opplysningar som truleg ville vere av stor interesse for «fienden» i England å få tak i. Boka vart overlevert til Endre S. Nisja, som la boka i ein konvolutt og skreiv på adresse til ortskommandanten på Sunndalsøra. Endre tok konvolutten med seg og reiste nedover bygda med bussen. I tilfelle rassia og passkontroll kunne han vise for seg at han skulle til ortskommandanten med eit brev, og ransaka dei han meir, kunne han ‑ om dei fann boka ‑ berre seia at han meinte det var ortskommandanten som var rette mannen til å få ho. ‑ Men boka kom sjølvsagt ikkje tyskarane i hende, men vart i staden overlevert til XU‑folk som fekk ho sendt vidare til England.

 

Etter kapitulasjonen i 1945 vart det plassert mange hundre tyske soldatar i Gjørasmoen der dei fekk «suge på labben» til dei vart heimsende sommaren ‑45. Dei leid sjølvsagt inga naud, og måtte nok lata etter seg store mengder forsyningar da dei reiste.

 

(PS.: Det eg har skrive ned her, er slik eg hugsar det i dag. Eg er klår over at minnet kan vera feil i detaljar, men eg meiner heilskapen i framstillinga skal vera tåleg rett.)

 

Nisjamoen, mars 1996.

 

JON NISJA